Vestskog undersøker plantefelt i haust,
kva blir resultatet ?

Vestskog etablerte våren 2018 planteforsøk med hovudfokus på tilslag, avgang og avgangsårsak av utplanta planter i ein 3 års periode. Målet er er å framskaffe meir dokumentasjon på kva som skjer i plantefeltet etter planting og kva som gir det beste vernet mot gransnutebilla.
I planteforsøket har Vestskog lagt ut plantefelt i 5 forskjellige områder i Hordaland, totalt 25 forsøksflater, kor det er satt ned ubehandla, kjemisk behandla og voksa granplanter i kvar prøveflate. Desse vil bli undersøkt kvart halvår, 3 år fram i tid.  I tillegg skal 30 felt med voksa planter i Vestskog sin geografi følgast opp.
I haust vert fyrste kartlegging gjennomført. Vestskog har engasjer Gudmund Botnevik til å utføre arbeidet.  Botnevik studerer Skogfag ved NMBU og kjem frå Os kommune i Hordaland. Han er no i full gang med registeringane og me ventar spent på kva som kjem fram av resultat.
Vestskog ser desse som særs viktig for å kunne dokumentere kva som skjer i plantefelta etter utplanting på overleving , skader og avgang. Me håpar å kunne bruke denne kunnskapen i arbeidet for å sikre eit høgast mogleg tilslag i plantefelta i vår region.

Av Fagsjef skog VIdar Jødre,
meir informasjon kontakt Vidare Jørdre e-post vj@vestskog.no

Foto Vidar Jørdre
Gudmund Botnevik i felt