Vestskog med innlegg til NTP 

Fredag 30. november hadde styringsgruppa for NTP 2022 – 2032 med leiar vegdirektør Terje Moe Gustavsen invitert til innspelsmøte i Bergen for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her fekk Vestskog i lag med andre næringar i NHO lagt fram dei utfordringane som me har i vår region. Me fekk synt kva konsekvensar desse utfordringane har for skogeigarar, treindustri og transportnæringa.

På møtet deltok både våre tre fylkesordførarar, andre politikarar, fagetatar og mange andre innanfor samferdselssektoren. Det var tydeleg at våre utfordringar fenga mange av tilhøyrarane. Me i Vestskog kjem til å arbeida intenst med dette framover. Når 25 % av transportane våre med kipp og utan hengar, medan i andre delar av landet er denne andelen kun på 2 – 4%. Målet må vera at me skal kunne køyra med hengar for å vera konkurransedyktige framover.

 

T8 utan hengar