Vestskog SA har tilsett Vebjørn Enerstvedt  som skogbruksleiar på  Voss og i Indre Hardanger. 

Vebjørn er 37 år,  kjem frå Nore og Uvdal i Numedal og bur no på Espe i Hardanger.  Han har fagbrev som skogsarbeidar og har drive  mange år som sjølvstendig næringsdrivande som skogsarbeidar, tømrar og sauebonde. I tillegg har han  også fagbrev som tømrar og er bedriftsøkonom.

 

Vebjørn tek til i stillinga 15. januar og vil ha kontorplass på Voss. Han kan kontaktast på epost: vebjorn.enerstvedt@vestskog og på telefon 936 66 883