Vestskog SA – VESTSKOG SA
Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad
56 52 53 30

Vestskog har i dag eit samarbeid 14 dyktige entreprenørlag som utfører oppdrag for Vestskog. Fleire av entreprenørane opererer ned fleire hogstlag og mange har lang røynsle på gjennomføring av hogst i vår geografi. Andre entreprenørlag har etablert seg siste åra. Fellesnevneren er god skogfagleg kunnskap hjå aktørane som og er tilpassa lokale geografiske forhold. Oppdatert teknologi på maskiner/ utstyr sikrar høg produksjon og optimal verdiutnytting på skogen.

Hogstmaskin

14 hogstmaskinlag er i dagleg produksjon i våre 3 fylker og har ein samla produksjonskapasitet på ca 300 000 m3 på årsbasis.
I tillegg utfører fleire småskalaentreprenørar hogst og utkøyring i periodar av året.

Taubane

2- 3 taubanelag opererer til ein kvar tid innanfor Vestskog sin geografi. Dette gjer at me har god tilgang på spesialutstyr tilpassa bratt og vanskeleg skogsterreng. Gode offentlege tilskotsordningar er etablert for denne type hogst.

Vestskog har 9 skogbruksleierar som er stasjonert rundt i vår geografi og skal bistå skogskogeigar med skogfaglege råd i vurderinga av ulike tiltak i skogen.

Ved hogst vil lokal skogbruksleiar basert på skogeigar sine ynskjer og felles synfaring t.d. kunne vurdere driftstekniske forhold, vurdere virkeskvalitet og gje råd om skogen er hogstmoden eller ikkje. Me vil og kunne gje eit anslag på driftøkonomi , for å sikre eit godt beslutningsgrunnlag for skogeigar.

På hogstoppdrag der skogeigar og Vestskog skriv avtale, dvs utfører driftorganiseringa ,blir fylgjande oppgåver ivaretatt:
Før drift: Miljøkrav, innmelding og kontrahering skogfond
Under drift: Sortiment, aptering, vp, henteklarmelding, transport
Etter drift: Oppussing, sluttrapport, oppgjer

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

27. 09 2018 Skogdag Sandane

24. sep 2018: Planting, hogst og skogsdrift Møtepunkt: I skogen ved gapahuken Veslevatnet. Avkøyring Bukta og innover skogsveg. Tidspunkt: 27.09.17. Klokka 10.00,...

Les meir
22. 09 2018 Skogdag på Mjåtveit

18. sep 2018: Landbrukskontorene i Lindås, Meland og Radøy inviterer til skogdag lørdag 22. september 2018 kl. 11.00 – 14.00. Oppmøte på Mjåtveit, det...

Les meir
02-03. 07 2018 Hogst med motorsag-15 timer Eivindvik

24. mai 2018: Kurset er tilpasset skogeierens arbeidsoppgaver og utfordringer. Kursdeltaker får opplæring i sikre felle- og kvisteteknikker, samt sikkerhet og sikkerhetsregler....

Les meir

Siste NYTT

26. 09 2018 Skogdag Ølnes Sogndal

24. sep 2018: Planting, hogst og skogsdrift Møtepunkt: Ølnes Sogndal. Avkøyring Ølnes, køyr vidare mot England. Tidspunkt: 26.09.17. Klokka 10.00. Tema : Skogsvegbygging...

Les meir