Godt oppmøte i ideelt ver for aktivitet i skogen.

Heile 25 deltakarar på skogdag med tema kapping. Skoginteresserte frå Luster, Sogndal og Aurland var aktive og stilte spørsmål til instruktør Arnt Laukeland som delte kunnskapen sin når motorsaga ikkje dura. Feltet vi var i hadde 75 år gamal gran som leverte mange skurstokkar.

Dei vanlegaste feila som er gjort er enkle å unngå: for liten diameter og lengde. Elles er måling av krok/sleng ein metode som er viktig å kunne. Skogskaffi, lokalt bakverk og muntre historier og kommentarar sette ein ekstra spiss på denne fredagen i snøtunge skoger på indre Hafslo. Takk til Knut Hauge som stilte skogen sin til disposisjon.

 

Foto Jan Ivar Rødland