Sirevåg skogsdrift og Vestskog inngår samarbeid

Sirevåg skogsdrift og ved AS og Vestskog SA har inngått samarbeidsavtale om eitt driftslag, som skal gjennomføra skogsdrifter i Rogaland og delar av Sunnhordland.

Vestskog har i 2018 hatt for lite tilgang på driftskapasitet i dette området, og samarbeidet med Sirevåg skogsdrift og ved vil sikra at Vestskog sine leverandørar i dette området får moglegheit til å realisera tømmerressursane sine i ein god marknad.

Sirevåg skogsdrift og ved har drive som skogsentreprenør i eit tiår, og har eit godt omdøme i marknaden. Vestskog er såleis sikre på at ein har fått etablert samarbeid med ein entreprenør som vil gjera ein god jobb for våre leverandørar og eigarar.