Klima og miljødepartementet opnar for lisensfelling av kunn ein ulveflokk. Dette vekker kraftige reaksjonar i dei 12 organisasjonane som deltek i Naturbruksaliansen.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen  har overprøvd rovviltnemdene sine vedtak om å tillate lisensfelling av tre ulveflokkar i Hedmark og Akerhus kommande vinter. I staden opnar departementet for lisensjakt på kunn ein flokk, den såkalla Slettåsflokken.

«Dette er et slag i ansiktet, et hån mot innbyggere, jegere og næringsdrivende både innenfor og utenfor ulvesonen, som nå har en klar forventning om at man skulle komme i gang med å regulere bestanden i tråd med Stortingets vedtak.» Det seier leiar av Naturbruksaliansen, Gunnar Gundersen, i ei pressemelding.

Vi, som held til på Vestlandet, er lite direkte i konflikt med ulv. Likevel har vi streifdyr som kjem inn i vår del av landet og drep sau for fote. Er revira på Austlandet opptekne, vil ulven fortare dra vestover.

Eit anna  side av saka er handteringsmåten. Når regjeringa ikkje føl opp stortinget i denne saka, kva så når det gjeld andre rovdyr. Viktigast for oss  er jerveproblematikken.

Norges Skogeierforbund representerar Vestskog i Naturbruksalliansen.

Meir informasjon kontakt styreleiar Halvor Brosvik 91 62 63 58 i denne saken.

Det vert demonstrasjons/fakkeltog mot vedtaket i Oslo 8.januar 2019. kl 1800