Vestskog SA – VESTSKOG SA
Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad
56 52 53 30

Informasjon om andelseigarskap i Vestskog SA

Vestskog SA er eit samvirkeføretak i skogsamvirket. Me dekkjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Føremålet vårt er å arbeida for at våre andelseigarar får mest mogeleg ut av skogeigedomane sine,

ikkje at Vestskog SA skal ha størst mogeleg overskot sjølve.

Vestskog SA driv med kjøp og sal av tømmer, organisering av skogsdrift og skogkultur, skogbruksplanlegging,

generell skogfagleg rådgjeving og utmarksarbeid.

Me har det sterkaste og beste skogfaglege kompetansemiljøet på vestlandet, til hjelp for deg som skogeigar.

Fordeler som andelseigar i Vestskog SA

  • Andelseigartillegg på tømmerpris.
  • 30 % avslag i pris på kjøpte tenester (konsulenttenester/rådgjeving) frå Vestskog SA.
  • Rett til evt. etterbetaling på tømmeroppgjer og forrentning på innskottet andelskapital.
  • Informasjonsbladet Vestskognytt tilsendt frå Vestskog SA 8 gonger i året.
  • Tilgang på fordelsprogrammet AGROL, her får du tilgang til mange gode tilbod og rabattar, www.agrol.no

Andelsinnskotet

Andelseigarar i Vestskog SA forpliktar seg til å delta i finansieringa av selskapet med eit andelsinnskot.

Dette varierer etter det økonomisk drivbare produktive skogarealet på eigedomen.

For eigedomar med eit areal under 250 dekar, vert andelsinnskotet sett til kr. 4.500,-.

For eigedomar over 250 dekar aukar andelsinnskotet med kr 500,- for kvar påbyrja 50 dekar.

Maksimalt andelsinnskot er kr 20.000,-.

Medlemskontingent/serviceavgift

Det påløper ein medlemskontingent/serviceavgift på 350 kr/år for andelseigarar i Vestskog SA.

Dette gjeld delvis dekking av kostnader med lokale skogeigarlag/eigarorganisasjon samt kostnader

med fagpolitisk/næringspolitisk arbeid for å trygga skogeigarane sin eigedomsrett og vilkår for næringsutøving.

Magasinet Skog

For kr 250,- i året har andelseigarar moglegheit til å få tilsendt magasinet SKOG, som er eit informasjonsmagasin for heile skogeigarsamvirket.

Magasinet har 8 utgåver i året og har eit fyldig innhald med både skogfagleg stoff og meir nyheitssaker/temasaker frå “skog-Norge”.

SKJEMA FOR INNMELDING OG EIGARSKIFTE

Under finn du innmeldingsskjema for nye andelseigarar.

Du finn og stadfestingsskjema dersom nokon som sel ein eigedom til andre innan familie ynskjer at andelsinnskotet skal overførast til ny eigar.

Overføring av andelskapital ny skogeigar
Innmeldingskjema ny andelseigar

Skjema kan sendast til Vestskog SA på e-post: post@vestskog.no eller til:

Vestskog SA
Kokstadflaten 36
5257 Kokstad

Vedtekter for VESTSKOG SA

 

Vedtektene til VESTSKOG SA ligg her https://www.vestskog.no/om-oss/organisering/vedtekter/

Innmeldingsskjema for andelseiere i Vestskog SA

  • Opplysninger om eiendom

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

27. 09 2018 Skogdag Sandane

24. sep 2018: Planting, hogst og skogsdrift Møtepunkt: I skogen ved gapahuken Veslevatnet. Avkøyring Bukta og innover skogsveg. Tidspunkt: 27.09.17. Klokka 10.00,...

Les meir
22. 09 2018 Skogdag på Mjåtveit

18. sep 2018: Landbrukskontorene i Lindås, Meland og Radøy inviterer til skogdag lørdag 22. september 2018 kl. 11.00 – 14.00. Oppmøte på Mjåtveit, det...

Les meir
02-03. 07 2018 Hogst med motorsag-15 timer Eivindvik

24. mai 2018: Kurset er tilpasset skogeierens arbeidsoppgaver og utfordringer. Kursdeltaker får opplæring i sikre felle- og kvisteteknikker, samt sikkerhet og sikkerhetsregler....

Les meir

Siste NYTT

26. 09 2018 Skogdag Ølnes Sogndal

24. sep 2018: Planting, hogst og skogsdrift Møtepunkt: Ølnes Sogndal. Avkøyring Ølnes, køyr vidare mot England. Tidspunkt: 26.09.17. Klokka 10.00. Tema : Skogsvegbygging...

Les meir