Frivilig vern i Vestskog sitt område

I desember var det 6 nye verneområder som gjekk gjennom Kongens statsråd, der Vestskog har vore skogeigars rådgjevar. Av desse 6 område er det tre i Hordaland og tre i Rogaland.  

Uraneset i Granvin, Alsaker i Ullensvang og Fyksesund / Skaaro i Kvam herad.  

Hellenbrekkene i Tysvær, Hesten i Strand og Stråtveit i Vindafjord.  

Desse områda har til saman 17 000 daa med varierte skogtypar med viktige livsmiljø for både planter, sopp og fauna. Vestskog arbeidar mykje med å hjelpe skogeigarane i denne type saker, og me opplever at skogeigarane får gjennomslag for sine ynskjer i verneprosessen.  

På landsbasis vart 72 skogsområder frivillig verna i 2018 , og då er totalt 4,7 % av skogen i Noreg freda. Stortinget har sett ei målsetting om 10 % av skog skal vernast. På Vestlandet er det mange viktige naturtypar som bør sikrast gjennom frivillig vern av skog, noko som Vestskog kan bistå skogeigarane med. 

Så har du areal du lurar på kan vurderast som eit naturreservat så ta kontakt med oss.  / Ruben Bøtun 95761717 eller Jan Ivar Rødland 90727145