Terje Breivik frå Venstre og Ulvik besøkte Moelven Granvin Bruk i lag med Vestskog for å sjå korleis eit moderne sagbruk nyttar vårt fantastiske råstoff gran i sin produksjon av kvalitetstrelast frå Vestlandet. Han fekk innblikk i kva verdiskaping bruket har, og det fundamentet grana utgjer for det økonomiske skogbruket på Vestlandet.

Terje Breivik og Ørjan Kalsaas ved tømmervelta på Granvin Bruk.

Vestskog fekk også lagt fram næringa sitt syn på debatten om framande treslag og særleg debatten om sitkagran. Me i næringa er ofte fortvila over retorikken og bruken av «forsking» i debatt, både når det gjeld konsekvensane for det biologiske mangfaldet og spreiing. Andre forskarar sitt arbeid gjev derimot heilt andre resultat, som syner at det ikkje er så stor konsekvensar for biologisk mangfald og så stor spreiingsfare. Difor er det viktig for oss i Vestskog at me kan syna dette til stortingspolitikarane, og at me kan syne den store verdiskapinga som skjer med bruk av t.d. sitkagran.

Det er svært gledeleg at våre stortingspolitikarar tek seg tid til eit slikt bedriftsbesøk og synfaring som Terje no har gjort, noko som kan medføra at den politiske debatten blir meir kunnskapsbasert. Me takkar for at Terje tok tid og synte engasjement i saken, og håper at dette følgjast vidare opp med viktige møtestadar framover.

Terje Brevik får informasjon om saglinje i Granvin