Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30

Utmarksavdelinga – om oss

Utmarksavdelinga til Vestskog Sa vart etablert som eiga avdeling i 2004, og har sidan då levert tenester innafor lokal- privat og offentleg forvaltning av utmarksresursane våre. Dette inneber både praktisk retta arbeid med bestands- og driftsplanar, men og arbeid for å betre rammene for vilt og fiskeforvaltning gjennom arbeid med grunnlagsdata for vilt og fiske forvaltning. Eksempel på dette er innføring og bruk av sett hjort og gjennomføring av merkeprosjekt.
Utmarksavdelinga har ein fast tilsett i tillegg til tenestekjøp på til saman 2,4 årsverk. Vi er lokalisert med lokalkontor i Førde i Sogn og Fjorden og i Suldal i Rogaland.

Utmarksforvaltning

Utmarksavdelinga leverar teneste og produkt innafor eit vidt spekter av utmarkstenester, for private så vel som offentleg instansar. Avdelinga har kompetanse på, og kan levere tenester innafor fagfelta  innlandsfisk, anadrom fisk , småvilt – og småpredatorer, rovvilt og hjortevilt.  For hjortevilt kan vi nemne mellom anna produkt som fagrapportar for kommunar og bestandsplanområder. Vi prøver å sjå på  heile eigedomens resursgrunnlag som grunnlag for næringsutvikling, og har tilbod om å lage resursplanar på eigedomsnivå. Vi tilbyr sekretærtenester innafor alle fagfelt når det gjeld utmarksforvaltning.

Viltforvaltning

Bilde med Arve og reven: Fotograf Arve Aarhus. Bildetekst: I tillegg til å vere ei urfordring i småviltforvaltninga og sauenæringa, er Raudreven også eit spanande jaktobjekt

Utmarksavdelinga levera tenester innafor dei fleste fagområde innafor viltforvaltninga. Dette inneber tilbod både til lokal- og offentleg viltforvaltning gjeldande både hjortevilt, småvilt og rovvilt. Vi lagar fagrapportar og held føredrag på oppdragsbasis. Ta kontakt om det er noko vi kan hjelpe deg med ! 

Les mer

Utmarksnæring

Utmarksresursane på Vestlandet er store, og med stort potensiale for vidareutvikling og utnytting i næringsmessig samanheng for gradsbruka. Opplevings- og gards turisme er noko vi ser meir og meir av, og her kan vi hjelpe med produktutvikling og framdrift i slike prosjekt. Økonomisk utnytting av jakt og fiske har skjedd i lengre tid, og vi er opptatt av at dette skal skje innafor berekrafitge rammer. Har du spørsmål om dette er det berre å ta kontakt.

Les mer

Fiskeforvaltning

Fotograf: Finn Olav Myhren. Bildetekst: Fornøyd ung fiskar med fisk frå Jølstravatnet

Fiskeresursane på Vestlandet er store, både når det gjeld anadrom fisk og ferskvassfisk. Vi har i mange år laga driftsplanar for forvaltning av desse resursane. Vi har også kompetanse på  organisering av ulike samarbeidsformer for grunneigarstyrd lokal forvaltning.

Les mer

Naturoppsyn

Utmarksavdelinga leverer tenester på naturoppsyn i alle kategoriar. Oppsynet gjennomførast i samarbeid med andre relevante instansar, og for vår del, som oftast på oppdrag for grunneigarlag og liknande. 

Les mer

Forvaltning av hjortebestand

Fotograf: Halvor Sundsdal Myhren. Bildetekst: Hjorten er talrik på Vestlandet, og grunneigaren er ei viktig brikke i den lokale forvaltninga
Fotograf: Halvor Sundsdal Myhren. Bildetekst: Hjorten er talrik på Vestlandet, og grunneigaren er ei viktig brikke i den lokale forvaltninga

Prosjekt «Forvaltning av hjortebestand 2013 – 2017» er eigd av Vestskog og vart etablert som følgje a

Sogn og Fjordane
Dei ulike områda

Hordaland
Dei ulike områda

Rogaland
Dei ulike områda

Møre og Romsdal
Dei ulike områda

Les mer

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

. Kurskveld i skatteregler (OS)

12. okt 2017: Skattereglene for skognæringen har vært relativt stabile over lang tid, men fra 2016 og 2017 har det skjedd endel endringer. I november planlegger skogeigarlagene...

Les meir

Siste NYTT