Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30

Planting

Vestlandet har generelt spesielt gode vekstforhold som set føringar for skogbruket. Dei gode vekstforholda gjer at gran svært ofte er det riktige treslaget, og det klart beste treslaget både i forhold til tilvekst, verdiskaping og klima. Pga dei gode vekstforholda som er mange stadar på Vestlandet kjem vegetasjon raskt opp på hogstflater etter hogst. Dette gjer at ein bør plante raskt etter at skogen er hogd. Forynging av skogareal etter hogst er også lovpålagt. Areala skal vere tilplante innan tre år etter sluttavverking.

Gode grunnar for å plante skog:

  • Tek vare på verdiane på eigedomen
  • Lovpålagt å forynge areala ein høgg
  • Bidreg positivt i forhold til klima (Co2-binding)
  • Fornybar ressurs
  • Gran av landets beste areallønsemd i forhold til skog
  • Jamn fordeling av riktig treslag i bestandet
  • Svært god finansiering med skogfond/tilskot

 

Når hogstflater er tilplanta, eller areal ein vil ha treslagsskifte på er tilplanta, er det viktig at du som skogeigar føl med på plantefeltet i åra etter planting. Ved stor avgang av plantar, eksempelvis som følge av frost, insektskader eller musegnag, er det viktig at du får ei vurdering av behovet for å suppleringsplante slik at ein får eit plantefelt med jamn fordeling av plantar.

 

Nyttige lenker:

Skogkurs-Planting

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

. Kurskveld i skatteregler (OS)

12. okt 2017: Skattereglene for skognæringen har vært relativt stabile over lang tid, men fra 2016 og 2017 har det skjedd endel endringer. I november planlegger skogeigarlagene...

Les meir

Siste NYTT