Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30

Ved hogst av skog må det i forkant av tiltaket planleggast korleis ein skal etablere ny skog og kva type treslag som skal nyttast. Dette er regulert gjennom skogbrukslov og gjennom Norsk PEFC Skogstandard i eige kravpunkt. Privatøkonomisk er det sers viktig å etablere foryngelse så raskt som mogleg etter hogst; dette for å gje plantene eit forsprang på konkurrerande vegetasjon, redusere risiko for skader og halde etableringskostnadene nede. Dette vil sikre eit godt grunnlag for neste omløp av tømmerproduksjon for skogeigar.

Vestskog er opptatt av plantematerialet ( provensienser ) som blir brukt i vår geografi. Gjennom råd frå Skogforskninga på Vestlandet og Skogfrøverket, samt mangeårige røynsler i praksis, har me valt ut provenienser som er godt tilpassa våre skogstrøk. Det er etablert avtale om kontraktsdyrking hjå 2 skogplanteskuler på Østlandet som produserer rett type planter til konkurransedyktige prisar.

Me har i dag eit godt samarbeid med skogkulturentreprenør som gjennom sine arbeidsgjenger utfører både skogplanting og skjøtsel av ungskog.

Me tilbyr tenester og faglege råd til skogeigar i alle stadier i skogen,
Plantig er viktig fordi ein , gjennom rask start, får kortare omløpstid og foredla plantemateriale gjev auka tilvekst og betre tømmerkvalitet.

Ungskogpleie er viktig fordi:
Redusert tilvekst på undertrykt gran vert aldri teke att
Høgast mogeleg høgde og diametertilvekst gjev kortast mogeleg omløpstid
Betre kvalitet på framtidsskogen, og auka sagtømmerandel
Reduserer faren for snøbrekk og stormskadar
Lågare hogstkostnader

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

. Kurskveld i skatteregler (OS)

12. okt 2017: Skattereglene for skognæringen har vært relativt stabile over lang tid, men fra 2016 og 2017 har det skjedd endel endringer. I november planlegger skogeigarlagene...

Les meir

Siste NYTT