Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30

Vestskog har i dag eit samarbeid 14 dyktige entreprenørlag som utfører oppdrag for Vestskog. Fleire av entreprenørane opererer ned fleire hogstlag og mange har lang røynsle på gjennomføring av hogst i vår geografi. Andre entreprenørlag har etablert seg siste åra. Fellesnevneren er god skogfagleg kunnskap hjå aktørane som og er tilpassa lokale geografiske forhold. Oppdatert teknologi på maskiner/ utstyr sikrar høg produksjon og optimal verdiutnytting på skogen.

Hogstmaskin

14 hogstmaskinlag er i dagleg produksjon i våre 3 fylker og har ein samla produksjonskapasitet på ca 300 000 m3 på årsbasis.
I tillegg utfører fleire småskalaentreprenørar hogst og utkøyring i periodar av året.

Taubane

2- 3 taubanelag opererer til ein kvar tid innanfor Vestskog sin geografi. Dette gjer at me har god tilgang på spesialutstyr tilpassa bratt og vanskeleg skogsterreng. Gode offentlege tilskotsordningar er etablert for denne type hogst.

Vestskog har 9 skogbruksleierar som er stasjonert rundt i vår geografi og skal bistå skogskogeigar med skogfaglege råd i vurderinga av ulike tiltak i skogen.

Ved hogst vil lokal skogbruksleiar basert på skogeigar sine ynskjer og felles synfaring t.d. kunne vurdere driftstekniske forhold, vurdere virkeskvalitet og gje råd om skogen er hogstmoden eller ikkje. Me vil og kunne gje eit anslag på driftøkonomi , for å sikre eit godt beslutningsgrunnlag for skogeigar.

På hogstoppdrag der skogeigar og Vestskog skriv avtale, dvs utfører driftorganiseringa ,blir fylgjande oppgåver ivaretatt:
Før drift: Miljøkrav, innmelding og kontrahering skogfond
Under drift: Sortiment, aptering, vp, henteklarmelding, transport
Etter drift: Oppussing, sluttrapport, oppgjer

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

5. 9 2017 Skogdag og veiåpning i Ølve

25. aug 2017: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kjem for å åpna ny skogsbilveg, Dalavegen 2.   Program: Kl. 11.30        Oppmøte Kl. 11.45     ...

Les meir

Siste NYTT

. Serviceavgift

18. sep 2017: I Vestskogs vedtekter er det slått fast at andelseierne forplikter seg til å betale en årlig serviceavgift fastsatt av årsmøtet. Sammen med avvirkningsavgiften...

Les meir
. Vi vil gjerne ha din mailadresse!

12. sep 2017: For å kunne sende deg virkesavregninger elektronisk og for at du skal kunne bruke skogeierportalen må vi ha din mailadresse. Registrer mailadressen din...

Les meir