Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30

Skogfond

Skogfond er ei svært god ordning for skogbruket. Ved tømmerhogst er ein forplikta til å sette delar av bruttoverdien inn på ein skogfondskonto som føl eigedomen. 4-40% av bruttoverdien til tømmer skal settast av. Satsen i dette intervallet er valfritt, men bør gjenspeile behova for investering i skogen. Skogfondsmidlane kan nyttast til mange ulike føremål, og har 85% skattelette i forhold til vanleg intektsføring. Svært gunstig med andre ord! Eksempel på moglege bruksområder er planting, avstandsregulering/ungskogpleie, skogbruksplanar, forsikring av skog og vegbygging/-vedlikehald. For full oversikt over tiltak ein kan bruke skogfond til sjå §11 i forskrift om skogfond: Lovdata.

Ved planlegging av hogst er det viktig å gå gjennom behovet for avsetting til skogfond med din lokale skogbruksleiar. Kalkulering av avsetningsbehovet kan ein gjer ved hjelp av skogfondskalkulatoren: Skogfond. Som eit minimum bør ein sette av til planting og ungskogpleie. Og hugs, ein kan også lønne seg sjølv etter avtale med kommuna med skogfondsmidlar dersom ein eksempelvis plantar eller utfører ungskogpleie sjølv. Det er mykje å spare ved å bruke skogfondsordninga korrekt! Du kan undersøke saldoen for din eigedom her: Skogfondsaldo.

 

Ved spørsmål kring skogfond, kontakt Din lokale skogbruksleiar

 

Skogsbilveg

For å få tilgang på skogressursane som blir hogstmoden dei neste tiåra må skogeigarane i Vestskog-geografien bygge nye skogsbilvegar. Skogreisingsskogen byrjar bli hogstmoden og tilrettelegginga for uttaket av desse ressursane må skogeigarane byrje med no. Pga eigedomsstrukturen bør naboar ofte samarbeide om dette. Dette gjev ei betre heilskapleg og meir lønsam løysing. Mange stadar treng ein ikkje dei store investeringane, men ofte må ein utbetre og lage velteplassar for tømmeret. Hugs dette er investeringar som direkte aukar moglegheitane i dag og for framtida, samstundes som det aukar verdien av eigedomar. Ein kan nytte skogfond med 85% skattefordel til finansiering, samt statlege løyvingar.

Om du treng assistanse med vegplanlegging, oppussing eller nybygging av skogsbilveg så ta kontakt med skogavdelinga hjå fylkesmannen i ditt fylke.

Sogn og Fjordane

Hordaland

Rogaland

 

Skogbeskatning

For inngåande rådgjeving kring skogbeskatning vil Vestskog anbefale kontakt med regnskapsførar, eller sette seg inn i skogkurs sin rettleiar om skogbeskatning. Rettleiaren er linka under.

Nyttige lenker:

Veileder skogbeskatning

 

Skogforsikring

Som skogeigar er det ditt ansvar å sørge for at verdiane i skogen din er forsikra når uhellet er ute. Med villare klima og hyppigare hendingar av uveir er det viktig å forsikre verdiane i skogen. I Vestskog sin region er det først og fremst forsikring mot storm og vind som er viktig. Statens Naturskadefond dekker ikkje lenger stormskader på skog.

Skogfond med 85% skattefordel kan nyttast til betaling av forsikringspremien. Det er berre Skogbrand som tilbyr skogforsikring i Noreg, som i dag har forsikra meir enn 40 000 eigedomar. Skogbrand tilbyr den beste og billegaste skogforsikringa i Norden!

Ta kontakt med Skogbrand for å forsikre skogverdiane dine for ein billeg penge: Skogbrand.

For mer info ta kontakt med oss

Dette skjer Sjå alle hendingar

5. 9 2017 Skogdag og veiåpning i Ølve

25. aug 2017: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kjem for å åpna ny skogsbilveg, Dalavegen 2.   Program: Kl. 11.30        Oppmøte Kl. 11.45     ...

Les meir

Siste NYTT

. Serviceavgift

18. sep 2017: I Vestskogs vedtekter er det slått fast at andelseierne forplikter seg til å betale en årlig serviceavgift fastsatt av årsmøtet. Sammen med avvirkningsavgiften...

Les meir
. Vi vil gjerne ha din mailadresse!

12. sep 2017: For å kunne sende deg virkesavregninger elektronisk og for at du skal kunne bruke skogeierportalen må vi ha din mailadresse. Registrer mailadressen din...

Les meir