www.bt.no stod det 5.juni ein artikkel der bodskapen var at Synnøve Kvamme frå Naturvernforbundet og Trude Myhre
frå WWF ynskjer å forby utanlandske treslag og stoppa granplantinga på Vestlandet for å redda artsmangfaldet.
Som representant for skogeigarane på Vestlandet ynskjer eg å bidra med litt fakta inn i denne tematikken:

Ein aktiv og bærekraftig bruk av skogane er viktig for å bidra til å løysa klimautfordringane våre.
Ei god forvaltning vil både auka karbonopptaket i skogane våre og framskaffa gode råmaterialer for mellom anna miljøvennleg byggeri.
Alt som kan lagast av olje kan også lagast av tømmer og skogen kan med det også bidra til å løysa plastproblemet,
som siglar opp som kanskje det verkeleg store miljøproblemet for tida.

Det er ikkje likegyldig kva slags tre som blir hogd. Grana er bærebjelken i skogbruket på Vestlandet.
Gjennom ein målretta innsats for å gjenoppbygga landet etter 2. verdskrigen vart 15 % av skogarealet her vest tilplanta
med gran, og den står no for 50 % av tilveksten og 95 % av uttaket frå skogen på Vestlandet. Dette er ikkje tilfeldig.
Grana er ekstremt arealeffektiv og gir ein stor produksjon av kvalitetstømmer som er etterspurt som råstoff både i Norge og Europa.
Furu- og lauvskogane på Vestlandet er derimot lågproduktive og har ein lågare kvalitet enn grana.
Utan grana hadde det ikkje eksistert eit næringsskogbruk med fleire hundre arbeidsplassar og som tilfører store verdier til bygdene våre.

Grana finst naturleg i alle landets fylker og også over store deler av Vestlandet.
Forsking tyder på at grana framleis rekoloniserer Norge etter forrige istid og den naturlege utviklinga
vil vera at grana vil bli det mest utbreidde naturlege treslaget på Vestlandet.
Å hevda noko anna er om lag som å hevda at klimaendringane ikkje er menneskeskapte.
At eit treslag som pr i dag dekker kun 15 % av skogarealet skal vera ein trussel mot naturmangfaldet er ein uforståeleg påstand.
Tvertimot er det mykje som tyder på at mangfaldet av artar og habitat på landskapsnivå har auka som følge av granplantinga etter 2. verdskrigen.
At miljørørsla har dugnader for å reinska plastavfall frå nature vår er prisverdig. Men om dei får gjennomslag for å avvikla skogbruket på Vestlandet
så blir det mindre tilgang på råstoff til fornybare og miljøvenlege alternativer til plastprodukta me omgir oss med, og det framstår som ei svært ureflektert haldning.

Kjetil Andre Rødland, Dagleg leiar Vestskog SA