Dei kommunevise områdetakstane for både Høyanger og Sandnes er no byrja på, og ein vil gradvis gjennom hausten jobbe seg gjennom desse kommunane. For dei grunneigarane som framleis ikkje har tinga skogbruksplan i desse områda kan ein framleis gjer det! Med skogbruksplan får du full oversikt over ressursane i skogen din, samt faglege råd og forslag frå oss på kva som må/bør/kan gjerast i ulike bestand i skogen din, pluss ein del andre generelle råd som veg o.l. Send oss ein henvendelse til post@vestskog.no om ein ønskar seg skogbruksplan eller har spørsmål kring dette. Hugs, ein skogbruksplan kan vere nyttig i fleire samanhengar, som sal av eigedom, jordskifte m.m.