Ruben Bøtun er tilsett som skogbruksplanleggar frå 1. september i år. Bøtun er fødd og oppvaksen på gard i Fresvik i Vik i Sogn og kjenner såleis godt til både skogtilstanden og bondestanden i dei områda han kjem til å arbeide. Han har no busett seg i Sogndal og er å finne på Sogndalskontoret når han ikkje er ute på oppdrag.

Ruben er 29 år og godt kvalifisert for arbeidet, med bachelor i både skogbruk og i utmarksfag. Bacheloroppgåva i skogbruk var innafor skogtaksering. Han har i tillegg ein bachelor i idrettsfag frå Molde og ei kort GIS-spesialisering på ein skogskule i Danmark. Han har også delteke i eit hjelpeprosjekt i Zambia og kombinerte dette med eit årsstudium på Idrettshøgskulen. Før han vart ferdig med utdanninga i vår, har han hatt sommarjobb i Vestskog i 2 år, med skogtaksering og fiskeoppsyn. Det siste året har han vore prosjektleiar for Norsk Elgsenter på Evenstad ved sida av studiane.

Hovudoppgåvene til Ruben blir skogtaksering og utarbeiding av skogbruksplanar og arbeid med organisering av frivillig vern.

Idrett står høgt i kurs på fritida, og han spelar fotball på Fjøra i Sogndal. Han har også ein karriere bak seg i England som personleg trenar. Som skogbrukarar flest er han interessert i jakt og friluftsliv.

Kontaktinformasjon til Ruben er følgjande: Postadresse: Granden 23, 6856 Sogndal, epost: ruben.botun@vestskog.no, telefon: 95 76 17 17.