NYTT FRÅ SKOGEIGARLAGET       
             
 20/05/10      MOELVEN KJØPER SØR-TRE BRUK AS        
      Moelven Industrier ASA orienterte i dag gjennom pressemelding at dei kjøper aksjane i Sør-Tre Bruk AS  som femner om Sør-Tre Bruk AS i Sannidal og Granvin Bruk AS.  Pressemeldinga finn du her!        
 23/04/10  BENGT DRAGESET ATTVALD SOM LEIAR I VESTSKOG BA       
      Årsmøte i Vestskog BA vart avvikla i Aksdal 22. april.  Bengt Dragset held fram som styreleiar med Åsmund Bakka som nestleiar.  Det vart elles ingen endringar i samansetjinga av styret, som dermed er samansett av Svein Alsvik (Strand og Forsand), Åsmund Bakka (Suldal), Åsta Midtbø (Tysnes), Sjur Ove Svartveit (Indre Hardanger) og Bengt Drageset (Midthordland).       
 20/01/10     TØMMERLEVERANSAR VINTER 2010        
      Prisoppgang og lett avsetnad av dei fleste treslag og sortiment pregar 1. kvartal av 2010.  For meir informasjon; sjå her!       
 27/07/09     OPNA FOR NORMAL AKTIVITET  -
Etter ein periode med delvis stogg i aktivitet knytt til reduserte leveransar av massevirke, opnar no Vestskog for nye leveransar av gran.  Det er i skrivande stund ubalanse i virkestilgangen for sagbruk og massevirkeindustri, og levering føreset ein rimeleg stor skurdel.
Me ser på ingen måte noko heilsvart bilete framover for skogeigarar som ynskjer hogst.  Meir om Vestskog sine vurderingar finn du her!
 
     
27/09/08 NYE VERNA SKOGSOMRÅDE / FRIVILLIG VERN EIN VIKTIG REISKAP FOR Å NÅ MÅL OM MEIR BARSKOGVERN  
"Kongen i statsråd har i dag (26/9) vedtatt å verne 14 skogområder som naturreservater. Vedtaket er et ledd i regjeringens satsing på økt skogvern. 13 av verneområdene er et resultat av arbeidet med frivillig skogvern, hvor skogeiere tilbyr skogarealer for vern. Dette viser at ordningen med "frivillig vern av skog" fungerer svært bra", seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk. Meir på dep sine sider..