Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30
Sticky

Fristen er gått ut, men det er høve til å registrera si interesse/tinga Skogbruksplan i Hordaland.

Det har blitt sendt ut brev til alle skogeigarane i ( Kvam/Jondal/Samnanger) og (Lindås/Radøy og Meland kommune), for å undersøka interessa for skogbruksplan . Før ein kan gå i gang med ein områdetakst, må det vera tinga på over 50 % på skogarealet i eit område før staten går inn med  70 % tilskot.

Tilbudet er for å undersøke om det er stor nok interesse i desse område for ein revisjon/områdetakst. For at staten skal gå inn tilskotsmidlar ( 70 % ) må det vera minst 50 % tinging av skogarealet.

DIFOR ER DET VIKTIG AT DU TINGAR DEG EIN SKOGBRUKSPLAN NO..!

BRUK denne linken  EG TINGAR MEG SKOGBRUKSPLAN 

Ta kontakt med oss om det er noko uklart.

 

Helsing oss på PLAN AVDELINGA.. plan@vestskog.no

Serviceavgift

I Vestskogs vedtekter er det slått fast at andelseierne forplikter seg til å betale en årlig serviceavgift fastsatt av årsmøtet. Sammen med avvirkningsavgiften på all tømmeromsetningen skal serviceavgiften dekke alle Vestskogs kostnader vedrørende organisasjons og næringspolitikk arbeid.
Dette gjelder bl.a.

• lokalt organisasjonsarbeid (i regi av medlemsområder/skogeierlag)
• drift av Vestskogs styrende organer
• organisasjonsstøtte til Norges Skogeierforbund (hovedsakelig næringspolitisk arbeid)
• Vestskog SA næringspolitiske arbeid
• elektronisk informasjonsservice (web, SMS- og epost-påminnelser/ informasjon)
• tidsskrifter (abonnement på Magasin Skog og Vestskognytt)

Årsmøtet 2017 vedtok at serviceavgiften for 2018 fastsettes til kr. 350 kr, pluss 250 i informasjonsavgift for dem som har bladet Skog.

Vi vil gjerne ha din mailadresse!

For å kunne sende deg virkesavregninger elektronisk og for at du skal kunne bruke skogeierportalen må vi ha din mailadresse. Registrer mailadressen din i dag og bli digital du også!

Innmelding av epostadresse

Ruben Bøtun – Ny skogbruksplanleggar

Ruben Bøtun er tilsett som skogbruksplanleggar frå 1. september i år. Bøtun er fødd og oppvaksen på gard i Fresvik i Vik i Sogn og kjenner såleis godt til både skogtilstanden og bondestanden i dei områda han kjem til å arbeide. Han har no busett seg i Sogndal og er å finne på Sogndalskontoret når han ikkje er ute på oppdrag.

Ruben er 29 år og godt kvalifisert for arbeidet, med bachelor i både skogbruk og i utmarksfag. Bacheloroppgåva i skogbruk var innafor skogtaksering. Han har i tillegg ein bachelor i idrettsfag frå Molde og ei kort GIS-spesialisering på ein skogskule i Danmark. Han har også delteke i eit hjelpeprosjekt i Zambia og kombinerte dette med eit årsstudium på Idrettshøgskulen. Før han vart ferdig med utdanninga i vår, har han hatt sommarjobb i Vestskog i 2 år, med skogtaksering og fiskeoppsyn. Det siste året har han vore prosjektleiar for Norsk Elgsenter på Evenstad ved sida av studiane.

Hovudoppgåvene til Ruben blir skogtaksering og utarbeiding av skogbruksplanar og arbeid med organisering av frivillig vern.

Idrett står høgt i kurs på fritida, og han spelar fotball på Fjøra i Sogndal. Han har også ein karriere bak seg i England som personleg trenar. Som skogbrukarar flest er han interessert i jakt og friluftsliv.

Kontaktinformasjon til Ruben er følgjande: Postadresse: Granden 23, 6856 Sogndal, epost: ruben.botun@vestskog.no, telefon: 95 76 17 17.

Takstar i Høyanger og Sandnes påbegynt

Dei kommunevise områdetakstane for både Høyanger og Sandnes er no byrja på, og ein vil gradvis gjennom hausten jobbe seg gjennom desse kommunane. For dei grunneigarane som framleis ikkje har tinga skogbruksplan i desse områda kan ein framleis gjer det! Med skogbruksplan får du full oversikt over ressursane i skogen din, samt faglege råd og forslag frå oss på kva som må/bør/kan gjerast i ulike bestand i skogen din, pluss ein del andre generelle råd som veg o.l. Send oss ein henvendelse til post@vestskog.no om ein ønskar seg skogbruksplan eller har spørsmål kring dette. Hugs, ein skogbruksplan kan vere nyttig i fleire samanhengar, som sal av eigedom, jordskifte m.m.

5 9 2017

Skogdag og veiåpning i Ølve

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kjem for å åpna ny skogsbilveg, Dalavegen 2.

 

Program:

Kl. 11.30        Oppmøte

Kl. 11.45       Landbruks- og matministeren kjem til Ølve.

Kl. 11.55       Velkommen 

Kl. 12.00       Landbruks- og matministeren Jon Georg Dale  åpnar vegen.

Kl. 12.05       Talar ved:

  • Ordføreren i Kvinnherad
  • Fylkesmannen v/Dirk Kohlman
  • Kystskogbruket/Vestskog v/ Jan Ivar Rødland
  • FanAgro AS v/Ove Frotvedt

Kl. 12.40 – 13.00 Pause

Kl. 13.00 Landbruks- og matministeren reiser frå Ølve

Kl. 13.00-15.00 Skogdag med fokus på skogskjøtsel, skogsdrift, vegbygging og vegvedlikehold.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til oppsatt program blir det sosialt samvær med kaffe og ein matbit.

 

Me ynskjer alle hjarteleg velkommen!

Helsing 

Styret i Ytre Hardanger Skogeigarlag

Veibeskrivelse:

Ta av R49 ved butikk i Ølve, kjør mot Sundfjord. Ta av innpå skogsbilvegen rett etter ein har kjørt over bruen.

 

6 9 2017

Feios – planting samt stell av ungskog

Onsdag 6. september, klokka 10.00

Stad: Feios. I skogen til Annbjørg og Harald Samland. Parker fornuftig ved Fv 182, og følg
skogsvegen frå det grønne «skog i sogn» skiltet, som står ved vegen på høgre side. Det er
ca 400 meter å gå.

Tema for dagen blir:

  • Planting og stell av barskog og lauvskog
  • kva treslag bør ein velje
  • tidspunkt for dei ulike tiltaka.
  • Vestskog, og skogselskapet vil stå for det faglege.
  • Det vert også enkel servering i
    form av svartkjelkaffi og noko enkelt å bite i.

Arrangør:

Prosjekt Skogkulturmotivasjon 2017. Eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

15 08 2017

Sandane – planting samt stell av ungskog

Tysdag 15. august klokka 18.00.

Sandane. I skogen til Kurt Fossheim- Oppmøte i Steintaket på Søreide.

Tema for dagen blir:

  • Planting, stell av barskog og lauvskog,
  • Kva treslag bør ein velje,
  • Tidspunkt for dei ulike tiltaka, tilskottsordningar,
  • Skogfond.
  • Vestskog, Skogselskapet og Fylkesmannen vil stå for det faglege.
  • Skogskaffi  og og enkel servering.

Arrangør:

Prosjekt skogkulturmotivasjon.2017 Eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

VESTSKOG ØKER TØMMERPRISENE

SKURTØMMER

Prisene for skurtømmer gran eksport øker med kr 45,- m3. Prisene for skurtømmer av sitka øker med kr 40,- pr. m3.

Prisøkningene gjelder for tømmer som meldes henteklart i perioden 1.august – 30.november 2017.

Prisene for skurtømmer til Granvin Bruk og for skurslip gran og skurslip sitka til eksport følger med på prisøkningen.

Årsaken til prisøkningen er det sterke marked for trelast av gran og stor etterspørsel etter grantømmer. For furu er det foreløpig noe vanskeligere. Etterspørselen er svakere og tømmerprisene er ”unormalt” lave i hele Nord-Europa. Det er derfor kun ubetydelige endringer av skurtømmerprisene for furu.

MASSEVIRKE

Prisene for prima, fersk massevirke av gran og sitka øker med kr 25,- pr. m3.

Prisene for prima, fersk massevirke av furu, edelgran, douglas og hemlock øker med kr 15,- pr. m3.

Prisøkningene gjelder for tømmer som meldes henteklart i perioden 1.august – 30.november 2017.

For prima massevirke gran må vi ta et forbehold. Vestskog har valgt å gi et lite bidrag til å holde fabrikkene til Norske Skog i Norge i gang ved fortsatt å selge en del av vårt massevirke til Skogn. Hvis den vanskelige finansielle situasjonen for konsernet og faktiske konkursrisiko ikke løses til det beste for fabrikkene i Skogn og Halden i løpet av august, må vi imidlertid kansellere videre leveranser til NSI. Vestskog kan ikke leve med den risiko for tap av fordringer, som foreligger ved en fortsatt uavklart situasjon i konsernet. Hvis vi må innstille leveransen til Skogn, kan det bli nødvendig å justere prisen for prima massevirke gran.

Invitasjon til RECO- kurs for entreprenørlag i Vestskog SA

Det blir  i haust (tentative datoar 23. og 24. august for fellessamling) dratt i gang nytt RECO – kurs for  samarbeidende entreprenørlag i Vestskog SA. Fleire av entreprenørane gjennomførte kursopplegget ei tid tilbake med gode tilbakemeldingar. Derfor blir det no teke iniatiativ til ny gjennomgang overfor både  nye entreprenørlag og entreprenørlag som deltok tidlegare.

RECO (Rational Efficient Cost Optimization) er eit praktisk kurs i økonomisk køyring og drivstofforbruk for skogsmaskiner.  Kurset vart utvikla av Skogforsk i Sverige for nokre år siden og er seinare videreutvikla av Skogkurs for norske forhold. Kurset er todelt, 1 teoridag inne og 4 t individuell oppfylgjing ute i maskina.

Teoridagen vert køyrt for ei større gruppe, maks ca 20 personar. Instruksjon skjer ute i det enkelte maskinlag. Ca 4 timers oppfølging ute pr fører. Målet er å gå igjennom organisering av arbeidet, maskininnstillingar og køyreteknikk.

 Tema

  • Drivstofføkonomi
  • Maskininnstillingar
  • Avvirkningsplanlegging
  • Arbeidsmetodikk i ulike typer avvirkning
  • Køyreteknikk (kva er flyt?)
  • Kommunikasjon i laget

 

Målgruppe
Skogsmaskinførar, både hogstmaskin og lassberarr. Avvirkningslag bør delta samla.

Påmelding HER:

RECO Kurs haust 2017

Påmelding til entreprenørsamling 26. - 27. april 2017 På eit hotel nær Flesland Bergen

 

 

 

Vestskog utfører feltkontroll på plantefelter i sommer.

Tilsette fra Vestskog vil i løpet av juli og august oppsøke et utvalg av hogstflater som ble tilplantet i 2016. Det vil bli utført kontrollmålinger av plantetetthet og undersøkt årsaker til avgang i planter.

Vi utfører denne plantefelt kontroll for å se på kvaliteten av plantene og plante-arbeidet samt for å undersøke om det er noen måter vi kan forbedre kvaliteten ytterligere.

På de felter vi besøker og oppdager behov for oppfølgende tiltak som suppleringsplanting eller ungskogpleie vil skogeier bli kontaktet i løpet av høsten.

For mere informasjon kontakt Gro Kampp Hansen: 99384710 / gkh@vestskog.no