Vestskog SA har tilsett Kjell Magne Åshamar frå Nordfjordeid som ny skogbruksleiar i Nordfjord.

Kjell Magne er agronom og har lang praksis som bonde, skogsentreprenør og frå mange tillitsverv.

Han tek til i stillinga 28. mai og vil ha kontor på Eid. Kjell Magne kan kontaktast på

E-post: kjell.magne.ashamar@vestskog.no

Telefon 909 60 274.

 

Avtroppande skogbruksleiar Jostein Vonheim går over i ny jobb frå 1. juli.

Vi takkar han for vel utført arbeid i Vestskog og ynskjer han lukke til i ny jobb.

 

Ev. spørsmål kan rettast til underteikna.

Med helsing

for Vestskog SA Vidar Jørdre

Tlf: 917 28 064

E-post: vidar.jordre@vestskog.no