Det er no nokre år sidan Vestskog gjennomførte feltdag med fokus på krava i PEFC skogstandard, som er bransjestandarden til norsk skogbruk kva gjeld krav til praktisk hogst m.m. Sjølve kurset i PEFC består av ein del nettkurs (teori) og ein del skogdag (praksis). Vi ønskar no på forsommaren å tilby dei grunneigarane som vurderar eller ønskar ta PEFC kurset, eller berre ønskar kunnskap om krava til praktisk skogbruk, ein skogdag i den praktiske delen. Avhengig av interesse og påmelding blir det satt opp minimum ein skogdag i både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Truleg fleire i kvart fylke. Tema blir altså praktisk hogst i forhold til krava i PEFC standarden. Kva er krava og kva må ein ta omsyn til.

Skogdagen er gratis.

Dei av dykk som er interessert i ein slik skogdag kan melde sin interesse via meldingsskjema her så vil vi ut i frå interesse sende ut informasjon om moglege tidspunkt og stader. Aktuelle tidspunkt er trulig kveld og helg. Ein treng også områder hjå grunneigarar for gjennomføring av slik skogdag.