Vestskog SA – VESTSKOG SA
Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad
56 52 53 30

NY adm. dir i NSF Per Skorge

Som til sett adm. direktør i Norges Skogeigerforbund er Per Skorge tilsett. Han kjem frå Norges Bondelag som generalsekretær. Han har da svært godt kjennskap til dei forhold som er omkring grunneigar rettar og skog. Vestskog er svært glad for Per Skorge har takka ja til denne stillingen i NSF.

Stilling ledig – Skogbruksleiar i Indre Hordaland

Vi har ledig stilling som skogbruksleiar i Indre Hordaland.

Ynskjeleg bakgrunn er skogutdanning og/eller kompetanse frå praktisk skogbruk.

Søknadsfrist er 21 oktober. Fullstendig lysing finn du her.

Ynskjer du meir informasjon kan du kontakta

Dagleg leiar Kjetil André Rødland kar@vestskog.no / 4766 4397

Nytt hefte om skogens rolle i klimasammenheng

Et bærekraftig skogbruk er bedre for klimaet enn vern av skog.
I et helt nytt hefte kan du lese mer om hvorfor skogen er en viktig del av klimaløsningen.

KARBONKRETSLØPET: Når vi brenner fossile ressurser, tilfører vi karbon fra det lange til det korte kretsløpet,
og dermer øker mengden CO2 i atmosfæren.

‐  Skogen spiller en sentral rolle i klimasammenheng gjennom opptak og lagring av CO2.
I tillegg kan trevirke erstatte materialer som gir store klimagassutslipp når de produseres.  
For eksempel stål og betong. På den måten kan vi bruke skogen for å reduseres klimagassutslippene,
sier rådgiver i Norges Skogeierforbund, Ida Aarø.

Et bærekraftig skogbruk hvor det satses på økt produksjon, hogst og bruk av trevirke vil være et viktig bidrag i klimakampen.
Til tross for dette pågår det en kontinuerlig diskusjon i media om bruk eller vern av skog er det beste for klimaet.

‐  Med utgangspunkt i forskning og litteratur om skogens rolle i klimasammenheng har skognæringen
derfor laget et hefte med tittelen «Skog – en viktig del av klimaløsningen», sier Aarø.

Heftet er produsert av Skogeierforbundet i samarbeid med Statskog og NORSKOG og er ment for beslutningstakere og folk flest.
Heftet vil bli distribuert til alle abonnenter av Magasinet Skog i løpet av høsten 2018, og det vil bli delt ut på
seminarer og samlinger hvor skognæringen deltar.

 

Du kan også laste ned heftet her: «Skog – en viktig del av klimaløsningen».

Tekst, Norges Skogeierforbund

26 09 2018

Skogdag Ølnes Sogndal

Planting, hogst og skogsdrift

Møtepunkt: Ølnes Sogndal. Avkøyring Ølnes, køyr vidare mot England.
Tidspunkt: 26.09.17. Klokka 10.00.

Tema :

  • Skogsvegbygging
  • hogst med info om prisar
  • planting og stell av barskog / lauvskog
  • kva treslag bør ein velje
  • tidspunkt for dei ulike tiltaka
  • tilskottsordningar
  • entreprenørkapasitet
  • skattlegging skogsinntekter
  • skogfond

Vestskog SA, Fylkesmannen, Kommunen og Skogselskapet vil delta.

Det blir  bålkaffi og noko og bite i til alle frammøtte.

Vel møtt!

Prosjekt: Skogkulturmotivasjon 2018.

Eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

Venstretoppen Terje Breivik fekk sjå verdien av gran frå Vestlandet.

Terje Breivik frå Venstre og Ulvik besøkte Moelven Granvin Bruk i lag med Vestskog for å sjå korleis eit moderne sagbruk nyttar vårt fantastiske råstoff gran i sin produksjon av kvalitetstrelast frå Vestlandet. Han fekk innblikk i kva verdiskaping bruket har, og det fundamentet grana utgjer for det økonomiske skogbruket på Vestlandet.

Terje Breivik og Ørjan Kalsaas ved tømmervelta på Granvin Bruk.

Vestskog fekk også lagt fram næringa sitt syn på debatten om framande treslag og særleg debatten om sitkagran. Me i næringa er ofte fortvila over retorikken og bruken av «forsking» i debatt, både når det gjeld konsekvensane for det biologiske mangfaldet og spreiing. Andre forskarar sitt arbeid gjev derimot heilt andre resultat, som syner at det ikkje er så stor konsekvensar for biologisk mangfald og så stor spreiingsfare. Difor er det viktig for oss i Vestskog at me kan syna dette til stortingspolitikarane, og at me kan syne den store verdiskapinga som skjer med bruk av t.d. sitkagran.

Det er svært gledeleg at våre stortingspolitikarar tek seg tid til eit slikt bedriftsbesøk og synfaring som Terje no har gjort, noko som kan medføra at den politiske debatten blir meir kunnskapsbasert. Me takkar for at Terje tok tid og synte engasjement i saken, og håper at dette følgjast vidare opp med viktige møtestadar framover.

Terje Brevik får informasjon om saglinje i Granvin

Vestskog set fylkesvegar på dagsorden.

For å auka kunnskap og sjå korleis ein skal få oppskrive dei viktigaste fylkesvegane, fekk me høve til å drøfta dette med ordførar i Radøy og leiar i samferdselsutvalet i Hordaland, Jon Askeland.

Me tok ein runde på Radøy og såg på dei ulike fylkesvegane her. Her fekk me sjå på flott skog, med store kubikkmassar med tømmer. Men me fekk også sjå på dei store hindringar som fylkesvegane utgjer for både skogbruk og anna næringsliv på bygdene. På desse smale vegane er manglande møteplassar ei utfordring, men ei unødig stivbeint praktisering i vegvesenet av oppskrivingsregelverket er eit minst like stort problem. Jon Askeland såg utfordringa for skogbruket og næringslivet elles, og vil arbeida for å finne etter løysingar som alle er tente med.

 

Synfaring Radøy Andreas Granli, Ordførar Jon Askeland, Skogbruksleira Nina LIlleeng og Kjetil Andre Rødland
Ordførar i Radøy Jon Askeland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ureflektert og uriktig av miljørørsla

www.bt.no stod det 5.juni ein artikkel der bodskapen var at Synnøve Kvamme frå Naturvernforbundet og Trude Myhre
frå WWF ynskjer å forby utanlandske treslag og stoppa granplantinga på Vestlandet for å redda artsmangfaldet.
Som representant for skogeigarane på Vestlandet ynskjer eg å bidra med litt fakta inn i denne tematikken:

Ein aktiv og bærekraftig bruk av skogane er viktig for å bidra til å løysa klimautfordringane våre.
Ei god forvaltning vil både auka karbonopptaket i skogane våre og framskaffa gode råmaterialer for mellom anna miljøvennleg byggeri.
Alt som kan lagast av olje kan også lagast av tømmer og skogen kan med det også bidra til å løysa plastproblemet,
som siglar opp som kanskje det verkeleg store miljøproblemet for tida.

Det er ikkje likegyldig kva slags tre som blir hogd. Grana er bærebjelken i skogbruket på Vestlandet.
Gjennom ein målretta innsats for å gjenoppbygga landet etter 2. verdskrigen vart 15 % av skogarealet her vest tilplanta
med gran, og den står no for 50 % av tilveksten og 95 % av uttaket frå skogen på Vestlandet. Dette er ikkje tilfeldig.
Grana er ekstremt arealeffektiv og gir ein stor produksjon av kvalitetstømmer som er etterspurt som råstoff både i Norge og Europa.
Furu- og lauvskogane på Vestlandet er derimot lågproduktive og har ein lågare kvalitet enn grana.
Utan grana hadde det ikkje eksistert eit næringsskogbruk med fleire hundre arbeidsplassar og som tilfører store verdier til bygdene våre.

Grana finst naturleg i alle landets fylker og også over store deler av Vestlandet.
Forsking tyder på at grana framleis rekoloniserer Norge etter forrige istid og den naturlege utviklinga
vil vera at grana vil bli det mest utbreidde naturlege treslaget på Vestlandet.
Å hevda noko anna er om lag som å hevda at klimaendringane ikkje er menneskeskapte.
At eit treslag som pr i dag dekker kun 15 % av skogarealet skal vera ein trussel mot naturmangfaldet er ein uforståeleg påstand.
Tvertimot er det mykje som tyder på at mangfaldet av artar og habitat på landskapsnivå har auka som følge av granplantinga etter 2. verdskrigen.
At miljørørsla har dugnader for å reinska plastavfall frå nature vår er prisverdig. Men om dei får gjennomslag for å avvikla skogbruket på Vestlandet
så blir det mindre tilgang på råstoff til fornybare og miljøvenlege alternativer til plastprodukta me omgir oss med, og det framstår som ei svært ureflektert haldning.

Kjetil Andre Rødland, Dagleg leiar Vestskog SA

Sticky

Styrke i samarbeid



Vestskog og Viken AT Market har etablert samarbeid om eksport av tømmer. Vestskog
overlater alt eksportsalg til Viken AT Market fra 1. januar 2019.


Viken AT Market har de siste årene opparbeidet seg solid kompetanse på eksport, samtidig
som sterke relasjoner med internasjonale aktører er i stadig utvikling. Med denne
bakgrunnen skal Vestskog nyttiggjøre seg av dette til det beste for skogeiere på Vestlandet.

– Dette er spennende og utviklende for oss, sier en fornøyd daglig leder i Vestskog,
Kjetil André Rødland.


Eksport av tømmer er helt avgjørende for å opprettholde stabil aktivitet i skogbruket. Viken
AT Market er en sterk og pålitelig handelspartner, som tilbyr kvalitetstjenester direkte med
industri og sluttbrukere i Skandinavia og Nord-Europa.


– Vi etablerer nå et tett samarbeid, som er tuftet på langsiktighet og tillit.
Samarbeidet skal komme alle involverte parter til gode, sier daglig leder i Viken
AT Market, Anders R. Øynes.

På bilde: Administrerend direktør i Viken AT Market, Anders R. Øynes (til venstre) og daglig leder i Vestskog, Kjetil André Rødland


Viken AT Market er et selskap, der det er lagt ned mye solid arbeid de siste årene, fremhever
daglig leder i Viken Skog, Tor Henrik Kristiansen. Kristiansen har vært sentral i arbeidet med
å få på plass samarbeidsavtalen med Vestskog.

– Frem til oppstart av avtalen, er det viktig å få etablert gode kontaktpunkter og
rutiner slik at vi får en god overgang, poengterer Rødland.

For ytterligere informasjon kontakt:

– Kjetil André Rødland, daglig leder Vestskog, t: 476 64 397
– Anders R. Øynes, daglig leder Viken AT Market, t: 905 78 288

Vestskog er den ledande aktøren innafor vestnorsk tømmeromsetnad. Vestskog si oppgåve
er å sikra meirverdi for eigararane. Vestskog tilbyr tenester innanfor skogbruksplanlegging,
hogst, tømmerkjøp, planting, ungskogpleie og utmark.

Viken AT Market ble etablert i 2015 av Viken Skog og AT Skog som handelsselskap for
eksport. Selskapets eiere er to av de ledende selskapene i Norge, som til sammen
representerer cirka 40% av den årlige tømmeromsetningen i Norge.

Tarjei Mikkelsen – skogbruksleiar i Nord-Rogaland

 Vestskog SA har tilsett Tarjei Mikkelsen frå Bremnes

som skogbruksleiar, og han byrjar i Nord-Rogaland.

 

Tarjei er prosessoperatør og har praksis frå

skogsarbeid og tillitsverv.

Han tek til i stillinga 1. august og vil ha kontor i Ølen.

Tarjei kan kontaktast på epost:

Tarjei.mikkelsen@vestskog.no

og på telefon 93014481.

Skogbruksleiar Njål Søndenå vil ei stund framover ha andre oppgåver i Vestskog.

 

 

Ev. spørsmål kan rettast til underteikna.

Vidar Jørdre

Tlf: 917 28 064

Epost: vidar.jordre@vestskog.no