Vestskog SA – VESTSKOG SA
Skulegata 11A, 5700 Voss.
56 52 53 30
5 9 2017

Skogdag og veiåpning i Ølve

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale kjem for å åpna ny skogsbilveg, Dalavegen 2.

 

Program:

Kl. 11.30        Oppmøte

Kl. 11.45       Landbruks- og matministeren kjem til Ølve.

Kl. 11.55       Velkommen 

Kl. 12.00       Landbruks- og matministeren Jon Georg Dale  åpnar vegen.

Kl. 12.05       Talar ved:

  • Ordføreren i Kvinnherad
  • Fylkesmannen v/Dirk Kohlman
  • Kystskogbruket/Vestskog v/ Jan Ivar Rødland
  • FanAgro AS v/Ove Frotvedt

Kl. 12.40 – 13.00 Pause

Kl. 13.00 Landbruks- og matministeren reiser frå Ølve

Kl. 13.00-15.00 Skogdag med fokus på skogskjøtsel, skogsdrift, vegbygging og vegvedlikehold.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til oppsatt program blir det sosialt samvær med kaffe og ein matbit.

 

Me ynskjer alle hjarteleg velkommen!

Helsing 

Styret i Ytre Hardanger Skogeigarlag

Veibeskrivelse:

Ta av R49 ved butikk i Ølve, kjør mot Sundfjord. Ta av innpå skogsbilvegen rett etter ein har kjørt over bruen.

 

6 9 2017

Feios – planting samt stell av ungskog

Onsdag 6. september, klokka 10.00

Stad: Feios. I skogen til Annbjørg og Harald Samland. Parker fornuftig ved Fv 182, og følg
skogsvegen frå det grønne «skog i sogn» skiltet, som står ved vegen på høgre side. Det er
ca 400 meter å gå.

Tema for dagen blir:

  • Planting og stell av barskog og lauvskog
  • kva treslag bør ein velje
  • tidspunkt for dei ulike tiltaka.
  • Vestskog, og skogselskapet vil stå for det faglege.
  • Det vert også enkel servering i
    form av svartkjelkaffi og noko enkelt å bite i.

Arrangør:

Prosjekt Skogkulturmotivasjon 2017. Eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

15 08 2017

Sandane – planting samt stell av ungskog

Tysdag 15. august klokka 18.00.

Sandane. I skogen til Kurt Fossheim- Oppmøte i Steintaket på Søreide.

Tema for dagen blir:

  • Planting, stell av barskog og lauvskog,
  • Kva treslag bør ein velje,
  • Tidspunkt for dei ulike tiltaka, tilskottsordningar,
  • Skogfond.
  • Vestskog, Skogselskapet og Fylkesmannen vil stå for det faglege.
  • Skogskaffi  og og enkel servering.

Arrangør:

Prosjekt skogkulturmotivasjon.2017 Eit samarbeidsprosjekt mellom Vestskog SA og Skogselskapet.

27 05 2017

Skogdag i Nordhordland – Eknes

Landbrukskontora i Lindås, Meland og Radøy inviterar til skogdag 27.05.17 kl. 11-14.

ved ungdomshuset på Eknes (skilta frå E39)

Det kjem representantar frå kommunane, Fylkesmannen i Hordaland, Vestskog og Nordhordland Skogeigarlag for å snakke om:
– Hogstmodenhet
– Skogbruksplan
– Forsikring
– Ungskogpleie
– Skogfond og veg
– Sal av tømmer

Det vert servert kaffi og noko å bite i og  alle er hjarteleg velkomne

20 05 2017

Skogdag på Tysnes

Laurdag 20.mai kl. 11.00 , hos Bjørn Lande, Tysnes, ca 5 min frå Våge ferjekai

Tema: Vedlikehald av skogsbilvegar, demonstrasjon av slodd.
.

Ferje frå Halhjem 10.10. Kjentmann møter på kaien.

Lett servering.

 

Vel møtt!

Tysnes Skogeigarlag og Midthordland Skogeigarlag

26 04 2017

Entreprenørsamling

Vestskog planlegg ei fellessamling for alle A – klasse entreprenørar som utfører hogstoppdrag for Vestskog.

Tema for samling er m.a. vidareutvikling av informasjonsflyt og samhandling mellom entreprenør og Vestskog

Samlinga vert i Bergen, nær Flesland Flyplass.
Oppstart kl 11 den 26. april, program innandørs begge dagane, og avslutning ca kl 13 torsdag 27. april.

Lunsj (2) middag og overnatting vert dekka av Vestskog.

Me kjem tilbake med meir detaljert program.  Påmeldingsfrist 11. april og meld deg på her .

Entreprenørsamling vår 2017

Påmelding til entreprenørsamling 26. - 27. april 2017 På eit hotel nær Flesland Bergen

07.april

Verdiskaping frå vestlandsskogen – seminar på Flesland 7.april!!

Vestskog inviterer til seminar om temaet industriell foredling av tømmer frå Vestlandet 7.april med tittelen:

«Verdiskaping frå vestlandsskogen

– grønt skifte eller tapte moglegheiter?»

Nasjonen Norge, og Vestlandet spesielt, har eit stort behov for omstilling for å bli mindre avhengige av olja. Verda er avhengig av å redusera bruken av fossil energi og erstatta den med fornybare løysingar. Til saman vert dette til at samfunnet må gjennomgå eit «grønt skifte».

Tømmer frå skogane vår er eit fornybart råstoff som kan nyttast til bygningsmaterialer, drivstoff, dyrefor, hushaldsningsprodukt og mykje anna. Alt som kan lagast av olje kan også lagast av tømmer. Skogreisinga etter 2.verdskrigen er i ferd med å hausta frukter, og hogsten på Vestlandet er sterkt aukande. Ressursbasen er stor og mykje må eksporterast til andre land pga lite industri i Norge. Kan vestlandsskogane bidra til det grøne skiftet i Norge og verdiskaping på Vestlandet? Gjennom eit eige seminar ynskjer skogeigarsamvirket på Vestlandet å setja fokus på dette spørsmålet.

Førebels liste med tema:

  • Vestlandsskogen sin plass i det grøne skiftet
  • Industrielle moglegheiter og rammevilkår for skogindustri i Norge
  • Tømmer som dyre- og fiskefor
  • Flytande skogindustri på båt
  • Industriell foredling av tømmer i Sogn
  • Paneldebatt, korleis kan vestlandsskogen bidra til det grøne skiftet og ikkje vera ei tapt industriell moglegheit for nasjonen Norge?

Lunsj etter møtesluttt, ca kl 12.45.

Deltaking er gratis, men av omsyn til servering ynskjer ein påmelding innan måndag 1.april.

Endeleg invitasjon går ut snart, men det er allereie mogeleg å melda seg på via følgjande lenke: https://form.jotformeu.com/70753800036349

Last ned fullstendig invitasjon her