Vestskog har i november 2017 hatt besøk av 10 klassingen Erling Lien frå Ølen. Han hadde lyst å læra meir om skogbruk, derfor valde han å vera med oss i arbeidsdagane sine. Når ein går i 10 klasse, har ein 3 dagar om hausten til utplassering på ein arbeidsplass. Erling har fått vera med på både kontorarbeid inne, og arbeid ute i felten. Ein dag var det planting av klimaskog i Tysvær kommune som stod på dagsorden. Her var Erling med skogbruksleiar Njål Søndenå og Skogsjef Jan Erik Larsen ute på planlegging. Dei såg på områder som kan vera aktuelle til planting av klimaskog.

Ei synfaring til to avslutta drifter i Etne kommune, stod på programmet. Her fekk Erling vera med å sjå på korleis det skal ryddast opp etter ein hogst. Hogst avfall skal ikkje ligga i bekker eller grøfter, er der  turstiar på eigedommen skal desse vera rydda etter hogst. Eventuelle køyrespor skal reparerast og alt skal vera rydda når entreprenør forlèt eigendommen.

Det skulle også planleggast ei ny drift i Etne kommune. Her var det vurdering av kor stor velteplass ein burde ha til denne hogsten. Veg inn til velteplassen og kor ein skulle bygga snuplass for vogntog.

Inne på kontoret til Vestskog i Ølen fekk Erling sjå korleis ei innmelding blir registrert. Korleis ein sender ut ordrar til tømmerbilane, slik at sjåføren veit kva han skal køyra på kai. Bestilling og planlegging av båtar, kva tømmer som skal til eksport og kva som går innanlands. Kaiskisser og oversikt på kva sortiment som ligg på kai må lagast, slik at rett tømmer kjem til rett kjøpar.

Eit besøk ute på velteplass i Vikedal, slik at Erling kunne få sjå på  dei forskjellige kvalitetane i ein granhogst. Lasting av tømmerbilen, og sjølvsagt ein tur med Ørjan i Gangstø Transport ned til Søndenåneset tømmerkai. Her var der snart full kai til ny tømmerbåt.

Me på kontoret her i Ølen syns det var veldig kjekt å få med oss ein ungdom, som kunne tenkja seg å satsa på ei framtid i skogbruket, desse dagane. Der er mange forskjellege arbeidsoperasjonar som skal til frå hogst og fram til tømmerstokken er blitt til bygningsmateriale.