For å auka kunnskap og sjå korleis ein skal få oppskrive dei viktigaste fylkesvegane, fekk me høve til å drøfta dette med ordførar i Radøy og leiar i samferdselsutvalet i Hordaland, Jon Askeland.

Me tok ein runde på Radøy og såg på dei ulike fylkesvegane her. Her fekk me sjå på flott skog, med store kubikkmassar med tømmer. Men me fekk også sjå på dei store hindringar som fylkesvegane utgjer for både skogbruk og anna næringsliv på bygdene. På desse smale vegane er manglande møteplassar ei utfordring, men ei unødig stivbeint praktisering i vegvesenet av oppskrivingsregelverket er eit minst like stort problem. Jon Askeland såg utfordringa for skogbruket og næringslivet elles, og vil arbeida for å finne etter løysingar som alle er tente med.

 

Synfaring Radøy Andreas Granli, Ordførar Jon Askeland, Skogbruksleira Nina LIlleeng og Kjetil Andre Rødland
Ordførar i Radøy Jon Askeland